Kort og godt språk

 

Er du flink til å variere ordbruken? Er du usikker på kva ord som er ”lovlege” og ikkje?

Vi tilbyr no kortkurs i kva ord og vendingar du bør nytte, og helst ikkje nytte, for å få fram bodskapen din. Du får mange tips om gode nynorskord til bruk i skriftleg framstilling, t.d. på Internett eller i brev.

Her får du garantert inspirasjon til å bry deg endå meir om språkbruken din. Fordi det er både moro og viktig!

Margrethe Henden Aaraas har lang erfaring frå ulike media, m.a. NRK Sogn og Fjordane. No er ho rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune der ho har vore med å bygge opp Den Kulturelle Skulesekken.

Lær god møtekultur og rasjonell e-postbruk
(Foredrag v/Anne-Mette Hjelle)

E-post skal gjere arbeidsdagen vår enklare. Likevel blir stadig fleire frustrerte over bruken og mengda. Ved hjelp av enkle triks kan du målrette og effektivisere bruken av e-post.

Tidstjuven herjar også i mange møterom, der møta blir for lange og lite fokuserte.

Stikkord for innhaldet i foredraget er:

- Dei viktige e-postboda
- Typiske trekk ved tidstjuven
- Det gode møtet