Glade kundar

 

Nokre av mine kundar ønskjer at kundeforholdet blir mellom oss. Det er ein sjølvsagt ting. Andre har skrive nokre ord for å fortelje korleis dei har opplevd kursa:

Fylkesmann Oddvar Flæte etter rådmannssamlinga i Balestrand hausten 2008: “Anne-Mette er engasjert, fagleg dyktig, sprudlande og krevjande”.

Etter kurs i Aurland i mai:
“Hei Anne-Mette, takk for sist og for flott dag i går! Vi er kjempenøgde med utbyte av dagen, alle tilbakemeldingar er svært positive. Dette vil vi ha god nytte av i det vidare arbeidet med festivalen generelt og med mediearbeid og mediestrategi spesielt. Takk for flott innsats og inspirerande kursleiing.”

Arve Tokvam, Nynorske Litteraturdagar i Aurland, 09.05.08

Anne-Mette kursa oss i god møtekultur og effektiv bruk av e-post. Kurset tok opp problemstillingar som dei fleste kjenner frå arbeidskvardagen. Anne-Mette er ei engasjerande dame som gjer deltakarane aktive. Rollespelet var ein fin måte å få fram poenga på. I etterkant er dei tilsette blitt meir medvetne på kva som passar seg på e-post, korleis dei skal få fram bodskapen og korleis organisere e-postbruken meir rasjonelt. Avviklinga av møter i organisasjonen er også blitt meir målretta og effektive.

Trine Lerum Hjellehaug, Lerum Fabrikker AS/Lerum Konserves AS

Sogn og Fjordane Venstre hadde gleda av Anne-Mette si kyndige leiing under kurs i medietrening i Florø før valet. Ho inspirerte oss, og leia oss trygt og stødig gjennom samlinga. Vi ønskjer å nytte hennar tenester seinare. Betre anbefaling kan ikkje vi gje.

Rolf Nesheim, Sogn og Fjordane Venstre

NHO arbeider med næringspolitikk og ønskjer å få viktige saker for næringslivet satt på dagsorden. For å nå fram i mediabildet må vi difor vere fagleg dyktige og journalistisk korrekte. Med bakgrunn som journalist og innsikt i lokalt næringsliv, er Anne-Mette ein viktig ressursperson for oss.”

Karin Halle, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

Sogn og fjordane Arbeiderparti har brukt Anne-Mette i si medieskulering før valet. Vi er strålande fornøgd og kan anbefale ho til vidare oppdrag.

Eirik Aarek, fylkessekretær Sogn og Fjordane Ap

Anne-Mette hadde medieskulering med Senterpartiet i Sogn og Fjordane med tittelen ”Media – ein pest og ei plage, eller vår beste marknadsføringskanal?”. Anne-Mette leverte det vi ynskte. Det har vore utelukkande positive tilbakemeldingar. Vi vil nytte oss av Anne-Mette også ved seinare høve.

Per Rune Vereide, Fylkessekretær SP

Elektroinstallatørane skal ikkje berre vere opptekne av teknikk! Også dei må forhalde seg til media og samfunnet rundt seg.Takk for engasjerande kurs på Skei i samband med vårt medlemsmøte! Du reiv dei med, og “vekte” dei. Når dei no møter journalistar i framtida, er dei tryggare på kva dei bør og ikkje bør gjere! Men like viktig, dei har meir kunnskap om korleis dei sjølve lettare kan få fram sine saker i media.

Hans Bruland, Dagleg leiar, NELFO Sogn og Fjordane – Foreininga for EL og IT bedriftene

PRO, opplæringskontoret for norsk industri i Sogn og Fjordane, har brukt Anne-Mette Hjelle i medietrening for styret og tilsette. Vi hadde behov for kunnskap om korleis opptre i lag med og
bruke media. Vi hadde ein nyttig og lærerik dag, og vil lære meir. Kurset var konkret og relevant, noko vi kunne ta i bruk med ein gong. Vi har utfordra Anne-Mette til å utforme eit kurs i mediebruk og trening for alle dei 23 medlemsbedriftene våre.

Jorunn Kirketeig, Dagleg leiar, PRO Opplæringskontoret

Førde Libris har nytta seg av Anne-Mette Hjelle sine tenester ved to høve i haust og vi er svært godt fornøgd med jobben ho har gjort som møteleiar på våre bokarrangement. Å bruke ein profesjonell møteleiar har for oss vist seg å vere ei god investering. Vi kan trygt anbefale Anne-Mette også for andre

Johannes Fleten, Tidlegare dagleg leiar, Førde Libris